Eg har ikkje ord

Ein musikal om Ivar Aasen

page view image
Event date

Friday 28 Mar 2025 19:00

Ends Friday 28 Mar 2025 20:30
order

Available items

event image

Event information

Kor spennande kan ein musikal om Ivar Aasen vere? Meir enn du trur! Bak ordlistene og grammatikkens strenge reglar ligg eit dramatisk livsval. For Aasen handla ikkje språkarbeidet berre om bøyingar og pronomen – men om å gi opp kjærleiken for eit større mål.

Kva verdi har det å finne eit nytt ord for «eg elskar deg» om ingen seier det til deg? Kva er vitsen med å finne eit nytt ord for kjærleik, dersom du ikkje har nokon å gje kjærleik til?

Som ung tjueåring blei Ivar Aasen forelska og forlova seg, men han vart rådd til å gi slepp på kjærleiken for å vie seg til språkarbeidet. Det valet skulle forme resten av livet hans. Han enda opp einsam i ein sliten leilegheit i Christiania – rik på pengar, men fattig på kjærleik. 

I musikalen blir Aasens indre kamp og personlege tap levande for publikum. Musikken er inspirert av den store Great American Songbook-tradisjonen og byr på både kraftfulle songar og nære, sårbare scener der Aasens indre kamp kjem til syne. Med ein dynamikk som vekslar mellom song, dans og sterke følelsar, vert publikum trekt inn i både dei store scenene fulle av energi og dei personlege møta der lengsel, kjærleik og offeret kjem tett på.

I ei tid der «ta vare på deg sjølv først» er mantraet, utfordrar denne musikalen den moderne tanken. Kva er eigentleg viktigast – å realisere seg sjølv eller å ofre noko for andre? Med humor og tragedie vevd saman utforskar framsyninga korleis Aasen vann kongeriket, men betalte med si eiga lukke. 

Velkomen til ein musikal om å satse alt, vinne fram, men bomme på det viktigaste.  


Waiver

Billetter refunderes kun ved avlyst arrangement.

Tags

festiviteten
teater
kultur
kristiansund
forestilling
Organizer
Kristiansund kulturskole
Place your order